H.Guldbrandsøy A.S

Eknesvågen, Eknes og Ostereidet frå 1936 til 2014 

gulbrand 01

Skrevet av This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.  12. august 2014


Introduksjon

Halstein og Erling Guldbrandsøy selde familiebedrifta H.Guldbrandsøy A.S i 2013 då det var ingen av barna som ville ta over bedrifta. Erling døydde same året. Halstein og kona Erna som begge ble 76 år i 2014, bestemte seg for å selja huset på Eiatreet ved Ostereidet då dei flytta til Sandviken i Bergen.

H.Guldbrandsøy blei starta i Eknesvågen i 1936 av foreldra Karen og Henrik Guldbrandsøy.

Dette betyr at i 2014 var 77 års butikkdrift kome til ein ende.

 

Butikkane i Eknesvågen, Eknes og Ostereidet frå 1936 til i dag

– med fokus på tida då Halstein og Erna var sentrale i drifta

I 1936 etablerte Karen Halstensen med støtte frå faren Georg Halstensen handelsplassen i Eknesvågen. Karen starta landhandel, post, telefon og dampbåtekspedisjon hausten 1936. I januar 1937 gifta ho seg med fiskar Henrik Guldbrandsøy. Han hadde oppsparte midlar og Karen og Halstein kunne følgjeleg ta over handelsplassen.

Halstein var eldste son til Karen og Henrik og tok tidleg aktiv del i butikkarbeidet.

Etterkvart som det meste av transporten av varer gjekk over frå sjø til veg, bygde ein ny butikk på Eknes i 1970 for lokalisering nærare biltrafikken. Dette gav god vekst i bedrifta innan mat-, bygge- og jordbruksvarer.

Erna tok også aktivt del i arbeidet på butikken og var ein sentral støttespelar for mannen sin. Etterkvart starta også Erling i butikken. I tillegg var konene Elin og Tove i periodar tilsette i bedrifta. I feriar og travle dagar var det også mykje ekstrahjelp frå barn og barnebarn, og det kunne følgjeleg vera mellom 10-20 personer frå slekta som var samstundes på jobb – altså til tider ei skikkeleg familiebedrift med dei ingrediensar som føljer med dette.

Halstein og Erling tok over bedrifta då Henrik døydde i 1982 med Halstein som dagleg leiar. Karen å fortsette å arbeida i butikken og stod på så lenge helsa tillate dette. Erling tok samstundes over dei gamle butikklokala ved Eknesvågen.

Eit av prinsippa til Halstein var at det ein kunde spurde om måtte han få. Vidare var det sett som mykje sannsynleg at ein annan kunde ville ønskje det same. Dette førte til at vareutvalet auka i heile perioden som ha dreiv butikken.

Tidlig på 1990 talet blei det bygd ny veg som gjekk utanfor Eknes. Det positive med den nye vegen var at meir av transporten mellom Bergen og Sogn ville gå langs denne vegen, men den nye vegen gjorde at trafikken ikkje lenger gjekk forbi butikklokala på Eknes. Dermed bestemte Halstein seg for å investera i nye butikklokale i nabobygda Ostereidet. Bedrifta flytta inn i nye lokale som blei ferdigstilt i 1992. Dette gjorde at veksten kunne fortsette.

Etterkvart auka konkurransen frå dei store matkjedene som Rema 1000. Ingen av sonene til Halstein var interesserte i å ta over drifta, så ein bestemte seg i 2002 å avslutta all handel unntatt bygge- og jordbruksartiklar, og heller leia ut lokala på Ostereidet til Rema 1000.

Erling tok då over som leiar for bygge- og jordbruksdelen med lokale på Viken Fammestad. Halstein fortsette som styreleiar. Erling jobba vidare med grunnideen med å ha et stort vareutval med kundar i heile Nordhordland, Bergen og tilhøyrande område.

I 2013 blei H.Guldbrandsøy AS seld til ein av dei tilsette i bedrifta og drive vidare fra lokal på Viken. På Ostereidet er det fortsatt i dag er utleie av butikklokale til Rema 1000, kafé, elektroartiklar, doktorkontor og helse og eldresenter.

Forretningstrategien til H.Guldbrandsøy A.S. kan oppsummerast med følgjande stikkord:

  • Lokalisering, lokalisering, lokalisering
  • Kunden først
  • Ha varene som kunden etterspør på lager – eller skaff det
  • Mykje hardt arbeid med lange dagar og helgearbeid
  • Finna på nye idear og artiklar og selja etter som tida gjekk
  • Viktig med tilleggstjenester som bensinstasjon, post, etc.
  • Lån med måte

Eknesvågens venner har vore aktive med og vedlikehalda og drive ulik aktivitet i dei gamle lokala i Eknesvågen der drifta starta i 1936. Desse lokala er eigde av familien til Erling Guldbrandsøy som døydde i 2013. Les også meir på om dette på http://eknesvaag.net/.

 

Bilete

Eknesvågen og Bruvik ved kai

gulbrand 02Eknesvågen og Bruvik ved kai

 

gulbrand 03Eknesvågen

 

gulbrand 04Lossing for hand Eknesvågen

 

gulbrand 05Eknesvågen - Halstein konfirmant 1953

 

gulbrand 06Erna 18 år – 1956

 

gulbrand 07Eknesvågen ca 1962. Erling, Henrik, Karen, Stein og Halstein

 

gulbrand 08Eknesvågen bokkafe 2013

 

gulbrand 09Bilete av Eknes Juni 1981 – 3 generasjonar på jobb - artikkel frå Strilen

 

gulbrand 10Bilete frå Ostereidet April 1993 –Årest bedrift - artikkel frå Strilen

 

gulbrand 11

Ostereidet 1996 – Erna og Halstein - Bergens Tidende

 

gulbrand 12
Ostereidet 1996 Bergens Tidende tekst

 

gulbrand 13
Bilete frå Ostereidet – artikkel frå Strilen eller Nordhordland

 

gulbrand 14
Bilete frå Ostereidet – Erling og Halstein - artikkel frå Strilen eller Nordhordland 2002 

 

Eknesvågens venner

Tolvte handelsmannen: Fram i 80- åra overtok sonen, Hallstein handelsplasset. Han gifte seg i 1961 med Erna Johansen, Alta, f. 1938.

Dei dreiv butikken oppe på Eknes til omlag 1992. Då bygde dei ny butikk på Ostereidet.
Der dreiv dei butikk til hausten 2002
Sjå bruk nr. 65 på Neregard.

Då ingen av born ville overta butikken, vart plasset leigd ut til Rema 1000.
Halstein og Erling driv i dag, pr. 2004, med bygningsartiklar på Dalsgrend.

Halstein og Erna har desse borna:

  1. Stein Erling. f. 1961. Gift ned Eli Sætre, f. 1962, Austrheim.
  2. Tore Henrik, f. 1964. Gift, fleire born.
  3. Tommy Guldbrandsøy. Gift fleire born.

Dette stod i avisa den siste dagen H. Guldbrandsøy handla på Ostereidet i 2002.
Av Erlend Spurkeland.

Dette er slutten på historia om to glade butikk gutar som har dyrka jobben som ein kjær hobby.

Det er meir enn ein bygdebutikk som no sular opp. Guldbrandsøyen er eit begrep i Nordhordland. Har stått for det beste av strilsk kremmarånd, vore raus, romsleg, slagferdig. Har vore møteplass for fastbuande, hyttefolk og vegfarande. Her fekk du «alt». Bortsett frå eit nei.
Det kunden spør etter, skaffar me, slår Halstein fast. Berre brennevin og bilar me ikkje har selt, legg Erling leande til. 

Vemodig
Butikken har vore samlingspunkt i bygda, kommenterer sokneprest Vilhelm Overå. Som føyer til at langt fleire besøkjer Guldbrandsøyen enn hans hus.

Vareutval og service er utruleg. Det dei ikkje har, fiksar dei. Det vert vemodig.

Løye, og saknaleg, samstemmer Nils Einestrand, ein av dei mange masfjordkundane. Kjem inn bakvegen via lagerdøra. Skal ha feste til ei takrenne. Her er det lite skilje på framom og bakom disken. Her er alle på fornamn. Nokre har vore kundar gjennom fem generasjonar. Da e' eg kry tå, smiler Halstein.

Lange arbeidsdagar
Det starta på kaien på Eknes i 1936. Seinare bar det opp til gamlevegen, før handelsbrørne for ti år sidan flytta inn i den nye tid ved riksvegen og Ostereidet senter.

I dag har dei 23 heiltidstilsette, og omsetning på godt over 50 bruttomillionar. Men ingen av avkommet vil ta over, og ikkje ein gong Gudlbrandsøyane varer evig. I over 49 år har Halstein stått i butikken. Med arbeidstid frå 8 til 21 dei fleste vekedagar, året gjennom, gler han seg til «normal arbeidstid» som pensjonist. - Det har vore moro, så eg kjem til å sakna folk. - Og den gode praten, reflekterer ein uvanleg alvorleg Erling. Med nære framtidsplanar om sydentur, linefiske og fjellturar.

Full oversikt
Sjølvsagt har det vore krangel i styret, innrømmer dei to bedriftseigararane smilande. Men aldri så fælt at me har gløymt å tena pengar neste dag.

I ein mildt sagt uoversiktleg butikk, med ditto lager, har karane fullstendig overblikk over varelageret. Berre ein gong, seier ryktet, vart Halstein stressa, då han ikkje fann att eit ausekar på lageret.

Fleire gongar har karane bydd heile Nordhordland til gratis sildemiddag. Gammal stil. Servert på langbord under taket på bensinstasjonen, med varme poteter attåt. Heide Steen, verdamer og andre kjendisar har fylt bensin og kikka innom, som for eksempel danske Kim Larsen. Men «gummiansiktet» var berre ute etter snop og tobakk, minnest Erling.

Lappesystem
Det er opphørssalg, og stint med folk som jaktar skattar mellom hyller og stativ. Ein stillbar trebor, labbegarn, kjeledressar, potteskjularar og blomstrete dukar vert omsett i kontantar. Manglar du kort eller kroner? Niks problem; Eg skriv det på ein lapp. Guldbrandsøyane er rause, stolar på folk. - Betal når du fer forbi. Bekreftar at julelysa er til halv pris. - Steikjande bra kvalitet. Hjelper ein einøygd bilist med montering av lyspære før neste tunnell. Krabbeteiner, truser, fat, leirgrisar, regnkle og anna pø tronar i store dungar. - Det beste for først, seier Halstein.

Snart rullar Rema 1000-pallane inn i dei tømde butikklokala. Med varemengder stabla i høgda, og skrytelåge prisar. Men vareutvalet til Guldbrandsøyen kan nok ingen dusinbutikk hamla opp med. Og du får neppe kjøpt ausekar i nyebutikken”.

Slutt avisartikkel

http://eknesvaag.net/

 

Utdrag frå Halstensen slekta

Se Frode Dyrdal side om Karen Guldbrandsøy og hennes etterkommere på denne lenken.